Mitt Noreg.
Fjord. Fjell.
Grøne bøar og blågrøn sjø. Bjørkeskog og raus blåbærlyng. Kvitmalte hus og raude
kinn. Sol. Omsorg. Vidder med snø. Somarblå himmel og beitande dyr... Rikdom.
Vi er rike i
Noreg. Vi er rike på natur. Og så har vi blitt innmari rike på olje. Svart gull
djupt der nede på havbotn. Flaks for oss! Flaks for meg! Og flaks for deg.
Før i tida var
det kva mann for seg og med si høne, så som Sponheimen (kanskje) seier vi burde
hatt enda.
No treng vi visstnok
ikkje høns rundt omkring i dette landet lenger.
Ikkje sauer
heller.
Høns, kyr,
sauer, korn, melk…. Og innvandrarar.
Det har vi ikkje bruk for.
Innvandrarane
skal vi fly heim att der dei kom ifrå. Vi er for rike for sånne.
Og om vi får
for mange blir folk redde. Redde for at vi kanskje mistar oss sjølve. Heilt plutseleg
vaknar vi opp med Kairo midt i Noreg. Men bønerop frå toppen av Galdhøpiggen og
tørr og gul sandørken i hagen. Og sånn enda meir plutseleg kan det henge ein
burka i skapet til ditt framtidige oldebarn.
Så difor
sender vi innvandrarane på tur tilbake. Og berre grauten tar vi med oss på
returen. For den vil vi visst ha.
Rart. At vi er
så inderlig redde for å miste oss sjølve at vi ikkje skal ta imot folk som
virkeleg treng omsorg og raushet.
Men når det
gjeld maten vår. Landskapet vårt. Det norsk bonden. Grøne bøar og beitande dyr. Kulturarven vår. MITT NOREG. Og
ditt Noreg. Då er det plutseleg ikkje så viktig om vi mistar oss sjølve lenger.
Kva står vi
eigentleg att med då? Nokre kroner ekstra på konto?
De får unnskulde
språket, men fy faen.
Då snakkar vi IKKJE lenger
MITT Noreg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar