mandag 6. februar 2012

Om å døy.

Før dauda folk når dei vart gamle. Dei fekk lungebetendelse, så gjekk det nokre dagar, og så var det slutt. 

Vi døyr no og. Men ikkje på nokre dagar. Det kan ta år for du døyr i Noreg idag. Eg meiner ikkje at det er berre negativt at vi har meir makt over dauden no enn før. Ein skal ikkje berre kimse av dei medisinske framstega verda har tatt det siste århundre. For all del.

Men det er ikkje alltid ein fordel å døy sakte.

 På rekke og rad sit dei i stolar frå dei står opp, og ventar på middagen. Dei får brungrøn mos på skei, for pleiarane hadde ikkje tid til å sette i laustennene under morgonstellet. Dei måtte springe for å hjelpe Magda, ho var så lei av å vente at ho klatra over sengehesten og braut lårhalsen. Magda vart sendt med sjukebil. Ho ropte og gaula i korridoren då dei for, og etterpå måtte pleiarane byrje med matserveringa, så då vart det ikkje tid til tenner idag. Det var kanskje like greit. Dei passar ikkje lenger, og annan kvar gong ein av dei som sit på rekke å ventar åpnar kjeften dett tennene ut.

Amanda er 89 år og har ikkje lyst på middag. Ho har lyst heim. Ho går og går. Leitar. Men ho finn ingen åpne dører ut. Ho seier til alle at ho vil heim. Ho spør dei som spring i gangen om å vise ho vegen ut. Dei viser ho tilbake til stolen. Men ho vil ikkje sitte, vil ikkje ete, vil ikkje drikke. Ho vil berre heim. Etter ei stund er det nokon som kjem på besøk som blir bekymra fordi ho ikkje vil drikke. Så reiser Amanda på sjukehus nokre dagar for å væskast opp.

 Magda som braut lårhalsen kjem att etter ei veke. Då har dei skrua ho saman. Det var så vidt ho haldt denne gongen  - men med slangar og væske både her og der, klarte dei så vidt å forhindre at ho dauda. No ligg ho i senga att, men ho har iallfall ikkje sjans til å klatre over sengehesten no. Eit par gongar for dag hastar pleiarane inn for å løfte ho over i ein stol, så ho kan spise den gulbrune mosen ho ikkje veit kva er.

Olav blir så gruelig lei av å vente at han ikkje vil stå opp for å sitte i ein stol. Deprimert, seier legen då, og skriv ut rosa piller på blå resept. Ei veke seinare bryr han seg ikkje om han må sitte i ein stol og bli mata med brunoransje mos, medan han ventar på å få døy.

Korleis vil vi eigentleg døy, kan vi snakke litt om det?  


Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 4-1 b):

Helse- og omsorgstjenester som tilbys eller ytes etter loven her skal være forsvarlige. Kommunen skal tilrettelegge tjenestene slik at:
"den enkelte pasient eller bruker gis et verdig tjenestetilbud"