Alle land må
ha ein innvandringspolitikk. Og det er sjølvsagt at alle born i heile verda
ikkje kan flytte til Noreg, same kor vondt dei har det. Eg trur Astrid Meland undervurderer
dei som vil at asylborna skal få bli i Noreg, om ho trur dei berre svever på ei bølgje av sympati for små, krøllete søte born.
Når ein skal
diskutere kva vi skal gjere med asylsøkarfamiliar som framleis blir etter å ha
fått avslag på ein søknad, er det mange vinklingar ein kan ta. Ein kan drøfte
side opp og side ned om Noreg sin rett til å bestemme over kven som skal få bli eller ikkje. Men ein kan ikkje samtidig oversjå dei forpliktingane Noreg har
etter internasjonale konvensjonar. Barnekonvensjonen
er ein del av norsk rett – og den har i tillegg fått fortrinn over norsk intern
rett. Dette betyr at dersom ein intern norsk rettsregel er i strid med Barnekonvensjonen
skal den interne rettsregelen vike.
Men denne drøfting skal i hovudsak handle om noko anna. Den skal handle om rett- og pliktkjensle.
Eit vanleg
argument ein ser i desse dagar, er at det er foreldra sitt hovudansvar dersom
borna i årevis veks opp i eit vakum på asylmottak. Foreldra er hovudansvarleg
for borna, og familien kan tross alt returnere frivilleg etter at dei har fått
endeleg avslag. Vi kan ikkje ha det slik at foreldra trenerer situasjonen berre
så dei skal få bli her i landet, seier mellom anna Meland i sin kronikk.
Det er ingen
som motseier at dei aller fleste born som bur i Noreg har det best i
verda. Vi er paradis for dei som
flyktar. Her får born skule og helsehjelp - på asylmottaket får dei ei seng, mat og kle. Om familien framleis bur
i Noreg etter avslag på søknad, har borna like stor rett til skulegong og omlag lik rett på helsetenester som dei som oppheld seg i landet lovleg. Alle som bur i Noreg er heldige i eit overordna internasjonalt perspektiv.
Kva slags
foreldre ville ikkje tvihaldt på ei framtid i Noreg for sine born, om
alternativet i beste fall er ei usikker framtid i eit land mest sannsynleg utan
obligatorisk skulegong, utan fungerande helsevesen, utan sikkerhet om at ein kan legge seg mett i ei seng kvar kveld,
og utan visshet om mor og/el far vil kunne vere til stade?
I Noreg har
vi plikt til å gje borna skulegong, og dersom born ikkje får legge seg varme og
mette risikerer vi at staten grip inn og
kallar det for omsorgssvikt. I verste tilfellet tar staten over ansvaret for
borna der foreldre ikkje klarer å ta vare på borna sine, eller der borna ikkje
får den grunnutdanninga som er lovpålagt.
Likevel blir
foreldra til desse borna kritisert, fordi dei gjer alt dei kan for å gje borna sine den omsorgen som vi her i landet tar for gitt av foreldre skal gje. Dei nektar i det lengste å gje opp ei framtid i eit av verdas beste land for
sine born, til eit alternativ som er usikkert men iallefall dårlegare. Sjølv om mange meiner at å vekse opp på eit asylmottak er verre enn
å leve i eit land med krig, finn dei retur uaktuelt for sin familie.
Det er ikkje vanskeleg å gjette at det er fordi dei her i det minste kan skimte
kva som kan bli ei god framtid.
Det heile
kokar ned til noko grunnleggande: Vi menneske får born, uansett kva situasjon
vi er i. Og dei fleste vil gjere alt i si makt for å gje desse borna ei framtid,
uansett kvar vi er frå.
Det ansvaret ein har og kjenner for å oppfylle grunnleggande behov for sine born, vil så godt som alltid overskygge den plikta ein kjenner for å rette seg etter reglar og prinsipp frå dei som styrer. Dette gjeld asylforeldre, men eg vil tru det også gjeld for bortimot kven som helst av norske foreldre.
Det er difor ganske umogleg å
kritisere asylsøkarar for at dei ikkje returnerer frivilleg etter mitt synspunkt. Det er ikkje desse
menneska sitt ansvar at Noreg må ta innvandringspolitiske omsyn, og at vi ikkje
har nok goder til alle. Men det er foreldra sitt ansvar å ta vare på sine eigne born så godt dei kan. Det blir såleis umenneskleg å pålegge desse foreldrene eit ansvar om å
frivilleg returnere med borna frå landet der dei har ei best mogleg
framtid.
Foreldre har
ansvar for å gje borna sine eit så godt liv som dei maktar. Difor kan det
aldri bli asylsøkarforeldrene sitt ansvar å ta innvandringspolitiske omsyn, og
av same grunn kan vi heller ikkje halde det mot dei når dei ikkje reiser
frivilleg. Innvandringspolitiske omsyn er det eine og aleine staten Noreg som må ta.
Når Noreg ikkje klarer å sende familiar med små born ut av landet før borna har budd her
i fleire år, må dei innvandringspolitiske omsyna for oss bli underordna asylborna si tilknyting
til Noreg – og ikkje minst må våre interne asylreglar vike for Barnekonvensjonen
sine reglar om at born ikkje skal vakse opp på eit asylmottak.
Dette
handlar ikkje om søte krøllar, dette handlar ikkje om at born er meir likandes
enn 20-årige potensielle bråkebøtter. Dette handlar heller ikkje om kor strenge reglar vi skal ha for opphald i utgangspunktet.
Dette handlar om prinsippet som seier at omsynet
til born som bur i årevis på asylmottak MÅ vere overordna Noreg sin
innvandringspolitikk. Punktum.